---
tittel: "111127_-_1_sondag_i_adv_matt_211-17_nn_0"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "111127_-_1_sondag_i_adv_matt_211-17_nn_0.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/111127_-_1_sondag_i_adv_matt_211-17_nn_0.doc
lastet_opp: 2023-11-12
---

# 111127_-_1_sondag_i_adv_matt_211-17_nn_0

Originalfil: [111127_-_1_sondag_i_adv_matt_211-17_nn_0.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/111127_-_1_sondag_i_adv_matt_211-17_nn_0.doc)

**1. søndag i adventstida – Ein enkel dramatisering:**

Matt 21,1-17 Forteljar teksten (for 2-6 eller fleir: Forteljar 1 og 2, Jesus, ein i byen, ein i folket, borna og ein skriftelærd).

**Forteljar:** Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to disiplar i veg  og sa til dei:

**Jesus:** Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der skal de straks finna eit esel som står bunde og har ein fole hos seg. Desse skal de løysa og leia til meg.  Og om nokon kjem med spørsmål, då skal de svara: 'Herren har bruk for dei.' Då sender han dei hit med ein gong.»

**Forteljar:** Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten:

**Forteljar 2:** *Sei til Sions dotter: Sjå, kongen din kjem til deg*,
           *audmjuk rid han på eit esel*,  *og på folen til eit trekkdyr.*

**Forteljar:**  Disiplane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt.  Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå.

**Forteljar 2:** Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strødde på vegen. Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:

***Alle:** (ikkje Jesus) Hosianna*, Davids son! *Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!*

*Hosianna i det høgste!*

**Forteljar:** Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde:

**Ein i byen:** Kven er dette?

**Ein i folket:** Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.

**Forteljar:** Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velte borda til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer og sa til dei:

**Jesus:** Det står skrive: ' *Mitt hus skal kallast eit bønehus.*' Men de gjer det til ei røvarhole.»

**Forteljar:** På tempelplassen kom nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei. Men då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde, og høyrde borna som ropa i heilagdomen:

**Borna:** Hosianna, Davids son!»

**Forteljar:** vart dei arge og sa til han:

**Ein skriftlærd:** Høyrer du kva dei seier?

**Jesus:** Ja. Har de aldri lese dette ordet:
           *Frå munnen på småborn og spedborn* *har du late lovsong lyda!*

**Forteljar:** Så gjekk han frå dei og ut av byen, til Betania. Der var han om natta.
