---
tittel: "111211_-_3_sondag_i_adventtiden_nn_1"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "111211_-_3_sondag_i_adventtiden_nn_1.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/111211_-_3_sondag_i_adventtiden_nn_1.doc
lastet_opp: 2023-11-12
---

# 111211_-_3_sondag_i_adventtiden_nn_1

Originalfil: [111211_-_3_sondag_i_adventtiden_nn_1.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/111211_-_3_sondag_i_adventtiden_nn_1.doc)

**3. søndag i adventstida II – Ein enkel dramatisering:**

Luk 3, 7-18. Preike teksta (for to-fire menneskje: Forteljar, Johannes, folket, tollar og ein soldat).

**Forteljar:**  I flokk og følgje drog folk ut for å bli døypte av Johannes, og han sa til dei:

**Johannes:** «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreiden som skal koma? Så ber då frukt som viser at de er omvende! Prøv ikkje å seia til dykk sjølve: ‘Vi har Abraham til far.’ For eg seier dykk: Gud kan vekkja opp born for Abraham av desse steinane.  Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, blir hogge ned og kasta på elden.»

**Folket:** «Kva skal vi då gjera?» spurde folket.

**Johannes:** «Den som har to kjortlar, skal dela med den som ingen har, og den som har mat, skal gjera det same.»

**Forteljar:** Det kom òg nokre tollarar og ville bli døypte. Dei spurde:

**Tollar:** «Meister, kva skal vi gjera?»

**Johannes:** «Krev ikkje inn meir enn det som er fastsett», svara han.  «Og vi, kva skal vi gjera?» spurde nokre soldatar. Han svara: «Truga ikkje pengar frå nokon med vald eller falske skuldingar, men ver fornøgde med løna dykkar.»

**Forteljar:** Folket gjekk no i venting, og alle tenkte i sitt hjarte: Tru om Johannes kan vera Messias? Då tok Johannes til orde og sa til dei alle:

**Johannes:** «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg, og eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld. Han har kasteskovla i handa for å reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten skal han samla i låven sin, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

**Forteljar:** Dette og mykje anna la han folket på hjartet når han forkynte bodskapen for dei.
