---
tittel: "120222_askeonsdag_1_mos_271-29_f_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "120222_askeonsdag_1_mos_271-29_f_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120222_askeonsdag_1_mos_271-29_f_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "Askeonsdag – Rekke II", dato: "2024-02-14", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/askeonsdag-rekke-ii-2024/, markdown: "../innlegg/2024-02-14-askeonsdag-3656.md"}
---

# Bibeldrama nn: Askeonsdag

*Rekke II, 14.02.24. Prekentekst: Matt 12,38-42 En ond slekt krever tegn*

Originalfil: [120222_askeonsdag_1_mos_271-29_f_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120222_askeonsdag_1_mos_271-29_f_nn.doc)

**Askeonsdag – Ein enkel dramatisering:**

1 Mos 27,1-29. Forteljar teksta (for 4-5 personar: Forteljaren, Esau, Isak, Rebekka og Jakob).

**Forteljar:** Då Isak hadde vorte gammal og auga hans var for matte til å kunna sjå, kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sa:

**Isak:** «Son min!»

**Esau:** «Ja, her er eg.»

**Isak:** «Sjå, eg har vorte gammal og veit ikkje når eg kjem til å døy.  **3** Ta no jaktutstyret ditt, pilkoggeret og bogen. Gå ut i marka og skyt noko vilt til meg!  **4** Lag nokre velsmakande retter, noko eg likar godt! Kom hit med dei og lat meg eta, så eg kan velsigna deg før eg døyr.»

**Forteljar:** Rebekka lytta medan Isak tala til Esau, son sin. Så gjekk Esau ut i marka og ville skyta noko vilt som han kunne ta med seg heim. Då sa Rebekka til Jakob, son sin:

**Rebekka:** «Høyr her! Eg høyrde at far din tala til Esau, bror din og sa: Hent noko vilt til meg og lag nokre velsmakande retter så eg kan eta! Så vil eg velsigna deg for Herrens andlet før eg døyr.  Høyr no på meg, son min, og gjer som eg seier!  Gå bort til småfeet og hent to fine kje, så skal eg laga til nokre velsmakande retter til far din, noko han likar godt. Dei skal du bera inn til far din så han kan eta og velsigna deg før han døyr.»

**Jakob:** «Men Esau, bror min er lòden, medan eg er glatt. Kanskje far min kjenner på meg og finn ut at eg held han for narr, og så fører eg forbanning over meg i staden for velsigning.»

**Rebekka:** «Den forbanninga skal eg ta på meg, son min», sa mora. «Høyr berre på meg og gå og hent kjea!»

**Forteljar:** Han gjekk og henta kjea og kom til mor si med dei. Ho laga nokre velsmakande retter, slike som faren lika godt. Rebekka fann fram dei beste kleda til Esau, eldste sonen – dei låg i huset hennar – og kledde opp Jakob, yngste sonen, i dei. Skinna av kjea la ho om hendene og den glatte nakken hans. Så gav ho Jakob, son sin, dei velsmakande rettene og brødet som ho hadde laga til. Han gjekk inn til far sin og sa:

**Jakob:** «Far!»

**Isak:** «Ja, son min», «kven er du?»

**Jakob:** «Eg er Esau, din førstefødde son. Eg har gjort det du sa til meg. Set deg no opp og et av viltet mitt, så du kan velsigna meg!»

**Isak:** «Korleis kunne du finna noko så snøgt, son min?»

**Jakob:** « Herren din Gud lét det springa rett imot meg.»

**Isak:** «Kom hit, son min, så eg kan få kjenna på deg om du er Esau, son min, eller ikkje!»

**Forteljar:** Jakob gjekk bort til far sin så han fekk kjenna på han, og Isak sa:

**Isak:** «Det er røysta hans Jakob, men hendene hans Esau.»

**Forteljar:** Isak kjende han ikkje att, for hendene hans var lodne som hendene til Esau, bror hans. Og han velsigna han.
 **Isak:** «Er du verkeleg Esau, son min?»

**Jakob:** «Ja, det er eg.»

**Isak:** «Set maten fram for meg. Eg vil eta av viltet til son min så eg kan velsigna deg!»

**Forteljar:** Jakob sette maten fram for han, og han åt. Han kom òg med vin til han, og han drakk.

**Isak:** «Kom hit og kyss meg, son min!»

**Forteljar:** Han gjekk fram og kyste han. Då kjende faren lukta av kleda hans. Han velsigna han og sa:

**Isak:** «Kjenn, lukta av son min er lik lukta av ei eng som Herren har velsigna!
          Måtte Gud gje deg dogg frå himmelen, fruktbar jord og overmål av korn og ny vin!
          Folk skal tena deg, folkeslag bøya seg for deg.
          Ver herre over brørne dine, sønene til mor di skal bøya seg for deg.
          Forbanna er dei som forbannar deg, velsigna er dei som velsignar deg!»
