---
tittel: "120311_3._sondag_i_fastetiden_job_21-10_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "120311_3._sondag_i_fastetiden_job_21-10_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/120311_3._sondag_i_fastetiden_job_21-10_nn.doc
lastet_opp: 2024-01-13
---

# 120311_3._sondag_i_fastetiden_job_21-10_nn

Originalfil: [120311_3._sondag_i_fastetiden_job_21-10_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/120311_3._sondag_i_fastetiden_job_21-10_nn.doc)

**3. søndag i fastetida – Ein enkel dramatisering:**

Job 2,1-10. Lese teksta.

(for 2-5 personar: Forteljaren, Herren, Klagaren, Job og kona til Job).

**Forteljaren:** Så ein dag kom gudesønene og steig fram for Herren. Blant dei kom også Klagaren. Herren sa til han:

**Herren:** «Kvar kjem du frå?»

**Klagaren:** «Eg har streifa omkring på jorda.»

**Herren:** «Så la du vel merke til Job, tenaren min? På jorda finst ingen som han, ein from og rettskaffen mann som fryktar Gud og held seg borte frå alt vondt. Framleis står han fast i si gudsfrykt. Du har utfordra meg til å øydeleggja han utan grunn.»

**Klagaren:** «Hud for hud! Ein mann gjev jo alt han eig, for livet sitt. Om du no retter ut handa og rører ved beina og kjøtet hans, så får vi sjå om han ikkje spottar deg rett opp i andletet.»

**Herren:** «Sjå, han er i di makt, men spar livet hans!»

**Forteljaren:** Så gjekk Klagaren bort frå Herren og slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl.

Job tok eit potteskar og skrapa seg med det, der han sat i oska.  Då sa kona hans til han:

**Kona:** «Held du framleis fast på di gudsfrykt? Spott heller Gud og døy!»

**(Forteljaren:** Men Job svara:)

**Job:** «Du talar som ei uvitug kvinne. Når vi tek imot det gode frå Gud, skulle vi då ikkje ta imot det vonde òg?»

**Forteljaren:** Gjennom alt dette kom ikkje ei synd over leppene til Job.
