---
tittel: "120406_langfredag_lesning_i_replikker_nn_0"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "120406_langfredag_lesning_i_replikker_nn_0.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120406_langfredag_lesning_i_replikker_nn_0.doc
lastet_opp: 2023-11-12
---

# 120406_langfredag_lesning_i_replikker_nn_0

Originalfil: [120406_langfredag_lesning_i_replikker_nn_0.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120406_langfredag_lesning_i_replikker_nn_0.doc)

**Langfredag** **II** **– Ein enkel dramatisering/lesning:**

###### Mark 14,26-15,37**. Preke/leseteksta.**

For 3 eller fleire personar:

Forteljaren (25 replikker), forteljar 2 (18 replikker), Jesus (13 replikker), Peter (4), Judas (2), vitne (1), øvstepresten (3), mann (6), tjenestejenta (2), Pilatus (5) og folkemengda (2).

----------------------

Deling med 3 leserar: Forteljarne (42 replikkar), Jesus (13) og dei andre ( 24 replikkar).

**-----------------------**

**Forteljaren:** Etter at dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget. Då seier Jesus til dei:

**Jesus:** «De kjem alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg, for det står skrive:
          * Eg skal slå gjetaren,*
          * og sauene skal spreiast.*

Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.»

**Forteljaren:** Då sa Peter:

**Peter:** «Om så alle vender seg bort frå deg – eg gjer det ikkje!»

**Jesus**: «Sanneleg, eg seier deg: No i natt, før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.»

**Peter**: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg!»

**Forteljaren:** Det same sa dei alle.

---------------------

**Forteljar 2:** Då dei kom til ein stad som heiter Getsemane, sa Jesus til læresveinane:

**Jesus:** «Sit her medan eg bed!»

**Forteljar 2:** Så tok han med seg Peter, Jakob og Johannes. Han vart gripen av angst og gru og sa til dei:

**Jesus:** «*Mi sjel er sorgtyngd* til døden. Ver her og vak!»

**Forteljar 2:** Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg til jorda og bad at denne timen måtte gå han forbi, om det var råd. Han sa:

**Jesus:** «Abba, Far!» «Alt er mogleg for deg. Ta dette begeret frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»

**Forteljar 2** Då han kom tilbake, fann han dei sovande, og han sa til Peter:

**Jesus:** «Simon, søv du? Makta du ikkje å vaka ein einaste time? Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»

**Forteljar 2:** Så gjekk han bort att og bad med dei same orda. Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. Og dei visste ikkje kva dei skulle svara han. Tredje gongen kom han til dei og sa:

**Jesus:** «Søv de framleis og kviler! No er det avgjort. Timen er komen. Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»

**Forteljaren:** I det same, før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane, dei skriftlærde og dei eldste. Svikaren hadde avtala eit teikn med dei:

**Judas:** «Den eg kysser, han er det. Ta han og før han bort med sikker vakt.»

**Forteljaren:** Og då han kom, gjekk han straks bort til Jesus og sa:

**Judas:** «Rabbi!»

**Forteljaren:** og kyste han. Så la dei hand på han og tok han til fange. Ein av dei som stod der, drog då sverdet, hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde øyret av han. Men Jesus sa til dei:

**Jesus:** «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar. Dag etter dag var eg hos dykk på tempelplassen og underviste. Då tok de meg ikkje. Men dette har hendt for at skriftene skulle oppfyllast.»

**Forteljaren:** Då forlét alle Jesus og rømde bort. Ein ung mann følgde etter Jesus; han hadde berre eit linklede om seg. Dei tok han, men han sleppte linkledet og rømde naken.

**Forteljar 2:** Så førte dei Jesus til øvstepresten, og der kom dei saman, alle overprestane, dei eldste og dei skriftlærde. Men Peter følgde etter Jesus, eit langt stykke unna, til han kom inn på gardsplassen hos øvstepresten. Der sette han seg mellom vaktmennene og vermde seg ved elden.
Overprestane og heile Rådet prøvde å få fram vitneutsegner mot Jesus så dei kunne få dømt han til døden. Men dei fekk ikkje noko på han. Det var mange som vitna falskt mot han, men vitneutsegnene samsvara ikkje. Då stod det fram nokre som vitna falskt mot han og sa:

**Vitne:** «Vi har høyrt han seia: ‘Eg skal riva ned dette tempelet som er gjort med hender, og på tre dagar skal eg byggja opp eit anna som ikkje er gjort med hender.’»

**Forteljaren:** Men heller ikkje no var det samsvar mellom vitneforklaringane. Då reiste øvstepresten seg, steig fram og spurde Jesus:

**Øvstepresten** «Har du ikkje noko svar på skuldingane mot deg?»

**Forteljaren:** Men Jesus tagde og svara ikkje eitt ord. Atter spurde øvstepresten:

**Øvstepresten:** «Er du Messias, Son til Den velsigna?»

**Jesus** «Det er eg. Og de skal få sjå *Menneskesonen* sitja ved høgre handa til Den mektige og *koma med himmelskyene.*»

**Forteljaren:** Då reiv øvstepresten sund kappa si og sa:

**Øvstepresten;** «Kva skal vi med fleire vitne? De har høyrt korleis han spottar Gud. Kva meiner de?»

**Forteljaren:** Alle felte den dommen at han var skuldig til å døy.
Då tok somme til å spytta på han, og dei batt for auga hans, slo han med nevane og sa: **Mann:** «No kan du vera profet!»

**Forteljaren:** Og vaktmennene gjekk laus på han med piskeslag.

-------------------

**Forteljar 2:** Medan Peter var nede på gardsplassen, kom ei av tenestejentene hos øvstepresten. Då ho såg Peter som sat og vermde seg, stirte ho på han og sa:

**Tenestejente:** «Du òg var med denne Jesus frå Nasaret.»

**Forteljar 2:** Men han nekta.

**Peter:** «Eg skjønar ikkje og forstår ikkje kva du snakkar om»

**Forteljar 2:** , Han gjekk ut i portrommet. \*Då gol hanen.• Men jenta fekk auge på han att, og sa igjen til dei som stod omkring:

**Tenestejente:** «Han der er ein av dei.»

**Forteljar 2:** Men han nekta på nytt. Litt etter sa dei som stod der, til Peter:

**Mann:** «Jo visst er du ein av dei! Du er då galilear.»

**Forteljar 2:** Men han sette i og banna og svor:

**Peter:** «Eg kjenner ikkje denne mannen de snakkar om.»

**Fortejlar 2:** Straks gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han:

**Jesus:** «Før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.»

**Forteljar 2:** Og Peter brast i gråt.

----------------------

**Forteljaren:** Med det same morgonen rann, og overprestane med dei eldste og dei skriftlærde, altså heile Rådet, hadde samrådd seg, tok dei si avgjerd. Dei batt Jesus, førte han bort og gav han over til Pilatus spurte Jesus.
**Pilatus**: «Er du kongen over jødane?»

**Jesus:** «Du seier det»

**Forteljaren:** Overprestane kom no med mange skuldingar mot han. Då spurde Pilatus han på nytt:

**Pilatus:** «Svarar du ikkje? Høyr alt det dei skuldar deg for.»

**Forteljaren:** Men Jesus svara ikkje eitt ord, og Pilatus undra seg.
 Kvar høgtid gav Pilatus dei ein fange fri, den folket bad om. Ein som vart kalla Barabbas, sat fengsla saman med nokre andre opprørarar som hadde drepe ein mann medan opprøret stod på. Folket møtte fram og tok til å be Pilatus gjera som han hadde for vane. Han svara:

**Pilatus:** «Vil de at eg skal gje dykk jødekongen fri?»

**Forteljaren:** For han skjøna at det var av misunning overprestane hadde gjeve Jesus over til han. Men overprestane eggja opp folket til å be om at han heller skulle gje dei Barabbas fri. Då tok Pilatus til orde att og sa:

**Pilatus**«Kva vil de då at eg skal gjera med han som de kallar kongen over jødane?»

**Folket:** «Krossfest han!» (skreik dei tilbake.)

**Pilatus:** «Kva vondt har han så gjort?»

**Forteljaren:** Men dei skreik berre endå høgare:

**Folket:** «Krossfest han!»

**Forteljaren:** Pilatus ville gjerne gjera folkemengda til lags. Han gav dei Barabbas fri, men lét Jesus bli piska og gav han så over til krossfesting.

**Forteljar 2:** Soldatane førte no Jesus inn i borggarden i det som blir kalla pretoriet, og samla heile vaktstyrken. Dei kledde han i ei purpurkappe og fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans. Så tok dei til å ropa:

**Soldatane (lesese av Mann):** «Ver helsa, du konge over jødane!»

**Forteljaren:** Dei slo han i hovudet med ein stokk, spytta på han og la seg på kne og hylla han. Då dei hadde hånt han, tok dei av han purpurkappa og lét han få att sine eigne klede.

**Forteljar 2:** Så førte dei Jesus ut for å krossfesta han. Og dei tvinga ein mann som gjekk forbi, til å bera krossen hans; det var Simon frå Kyréne, far til Aleksander og Rufus, han var på veg inn frå markene. Dei førte Jesus til den staden som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden. Der baud dei han vin med myrra i, men han ville ikkje ha det.

**Forteljaren:** Så krossfeste dei han.*Kleda hans delte dei mellom seg ved å kasta lodd* om kva plagg kvar av dei skulle ha.

Det var omkring den tredje timen dei krossfeste han. Og innskrifta med skuldinga mot han lydde: «Kongen over jødane».

**Forteljar 2:** Saman med Jesus krossfeste dei to røvarar, ein på høgre og ein på venstre sida hans. \*Såleis vart det oppfylt, det skriftordet som seier: *Og han vart rekna blant lovbrytarar.*  Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa:

**Mann:** «Sjå no, du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! Frels deg sjølv og stig ned frå krossen!»

**Forteljaren:** Like eins hånte overprestane og dei skriftlærde han og sa seg imellom:

**Øvstepresten:** «Andre har han frelst, men seg sjølv kan han ikkje frelsa! Lat no Messias, Israels konge, stiga ned frå krossen, så vi kan sjå og tru!»

**Forteljaren:** Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg.

**Forteljar 2:** Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret varte til den niande timen. Ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst:
**Jeseu:**          «* Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?*»
**Forteljaren:** Det tyder: «* Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?*»

Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa:

**Mann:** «Høyr, han ropar på Elia.»

**Forteljaren:** Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med vineddik, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka.

**Mann:** «Vent», «lat oss sjå om Elia kjem og tek han ned.»

**Forteljar 2:** Men Jesus ropa høgt og anda ut.
