---
tittel: "120408_paskedag_drama_matt_281-10_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "120408_paskedag_drama_matt_281-10_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120408_paskedag_drama_matt_281-10_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "Påskedag – Rekke II", dato: "2024-03-31", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/paskedag-rekke-ii-2024/, markdown: "../innlegg/2024-03-31-paskedag-3803.md"}
---

# Bibeldrama nn: Påskedag

*Rekke II, 31.03.24. Prekentekst: Matt 28,1-10 Jesus står opp*

Originalfil: [120408_paskedag_drama_matt_281-10_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120408_paskedag_drama_matt_281-10_nn.doc)

**Påskedag** **– Ein enkel dramatisering:**

Matt 28,1-10. Preike og forteljarteksta.

(for 2-14 personar: Forteljaren, Jesus og apostlane).

**Forteljaren:** Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. **2** Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. **3** Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. **4** Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde.**5** Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. **6** Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! **7** Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
    **8** Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane. **9** Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. **10** Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»
