---
tittel: "120409_2._paskedag_drama_1_mos_45_1-15_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "120409_2._paskedag_drama_1_mos_45_1-15_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120409_2._paskedag_drama_1_mos_45_1-15_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "2. påskedag – Rekke II", dato: "2024-04-01", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/2-paskedag-rekke-ii-2024/, markdown: "../innlegg/2024-04-01-2-paskedag-3807.md"}
---

# Bibeldrama nn: 2. påskedag

*Rekke II, 01.04.24. Prekentekst: Luk 24,36-45 Jesus viser seg for disiplene*

Originalfil: [120409_2._paskedag_drama_1_mos_45_1-15_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120409_2._paskedag_drama_1_mos_45_1-15_nn.doc)

**Langfredag** **II** **– Ein enkel dramatisering/lesning:**

###### 1 Mos 45,1-15**. Leseteksta.**

For 2 eller fleire personar:

Forteljaeren, Josef og brørne hans.

**Forteljaren:** Då kunne ikkje Josef leggja band på seg lenger for alle dei som stod omkring han. Han ropa: «Lat alle gå ut herifrå!» Såleis var det ingen andre til stades då Josef lét brørne sine få vita kven han var. **2** Han brast i gråt så høgt at egyptarane høyrde det, og huset til farao fekk høyra om det. **3** Så sa Josef til brørne sine: «Eg er Josef! Lever far min enno?» Men brørne kunne ikkje svara han; dei stod framfor han, slegne av skrekk. **4** Josef sa til dei: «Kom hit til meg!» Dei gjekk bort til han, og han sa:
        Eg er Josef, bror dykkar, han de selde til Egypt. **5** Ver no ikkje sorgfulle og døm ikkje dykk sjølve fordi de selde meg. Det var for å berga liv at Gud sende meg føre dykk. **6** I to år har det vore hungersnaud i landet, og i enno fem år skal det korkje bli pløgd eller hausta. **7** Men Gud sende meg i førevegen for å la dykk bli ein rest på jorda, så de skal leva og mange bli berga. **8** Så det var ikkje de som sende meg hit, men Gud. Han sette meg til far for farao, til herre over heile hans hus og til styrar over heile Egypt. **9** Skund dykk, dra opp til far og sei: Så seier Josef, son din: «Gud har sett meg til herre over heile Egypt. Kom ned til meg, og dryg ikkje!**10** Du skal få bu i Gosen og vera nær meg, både du og borna og barneborna dine, småfeet og storfeet ditt og alt du eig. **11** Eg skal syta for deg der, for enno kjem det fem år med hungersnaud. Korkje du eller ditt hus eller nokon av dine skal lida naud.» **12** No ser de med eigne auge, både de og Benjamin, bror min, at det er eg som talar til dykk. **13** Fortel far min om all den ære og makt eg har i Egypt, og om alt de har sett. Skund dykk, kom hit ned med far.
    **14** Så kasta han seg om halsen på Benjamin, bror sin, og gret, og Benjamin gret på skuldra hans. **15** Han kyste alle brørne sine og gret med dei. Etter dette tala brørne med han.
