---
tittel: "120415_2_sondag_i_pasketiden_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "120415_2_sondag_i_pasketiden_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120415_2_sondag_i_pasketiden_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "2. søndag i påsketiden – Rekke II", dato: "2024-04-07", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/2-sondag-i-pasketiden-rekke-ii-2024/, markdown: "../innlegg/2024-04-07-2-sondag-i-pasketiden-3812.md"}
---

# Bibeldrama nn: 2. søndag i påsketiden

*Rekke II, 07.04.24. Prekentekst: Joh 21,15-19 Jesus og Peter*

Originalfil: [120415_2_sondag_i_pasketiden_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120415_2_sondag_i_pasketiden_nn.doc)

**2. søndag i påsketida** **– Ein enkel dramatisering:**

###### Joh 20, 24-31. **Forteljarteksta.**

For 2 eller fleire personar:

Forteljaren, læresvein, Jesus og Tomas.

**Forteljaren:** Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje saman med dei andre læresveinane då Jesus kom.

**Læresvein:** «Vi har sett Herren!»

**Forteljaren:** sa dei til han. Men han svara:

**Tomas:** «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»

**Forteljaren:** Åtte dagar etter var læresveinane hans igjen samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus, sjølv om dørene var stengde. Han stod midt imellom dei og sa:

**Jesus:** «Fred vere med dykk.»

**Forteljaren:** Så seier han til Tomas:

**Jesus:** «Kom med fingeren din, sjå her er hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantru, men truande!»

**Tomas:** «Min Herre og min Gud!»

**Jesus:** «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser, og endå trur.»

**Forteljaren:** Jesus gjorde òg mange andre teikn for auga på læresveinane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka.  Men desse er nedskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.
