---
tittel: "120527_pinsedag_nn_apg_2___1-18"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "120527_pinsedag_nn_apg_2___1-18.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120527_pinsedag_nn_apg_2___1-18.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "Pinsedag – Rekke II", dato: "2024-05-19", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/pinsedag-rekke-ii-2024/, markdown: "../innlegg/2024-05-19-pinsedag-3851.md"}
---

# Bibeldrama nn: Pinsedag

*Rekke II, 19.05.24. Prekentekst: Joh 14,15-21 Talsmannen og Jesu bud*

Originalfil: [120527_pinsedag_nn_apg_2___1-18.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120527_pinsedag_nn_apg_2___1-18.doc)

**Pinsedag** **– Ein enkel dramatisering:**

###### Apg 2,1-18. **Forteljarteksta.**

For 2 eller fleire personar:

Forteljaren, forteljer 2, mann, kvinne, kvinne 2 og Peter.

**Forteljaren:** Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad. Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei. Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.
**Forteljar 2:** I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen. Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige morsmål. **7** Reint frå seg av undring spurde dei:

**Mann:** «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar?  Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål?

**Kvinne:** Vi er partarar og medarar og elamittar, folk som bur i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, i Pontos og Asia, Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma, jødar og proselyttar, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»

**Forteljaren:** Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre:

**Mann:** «Kva kan dette vera?»

**Forteljaren:** Men nokre gjorde narr av dei og sa:

**Kvinne 2:** «Dei har drukke seg fulle på søt vin.»

**Forteljaren:** Då steig Peter fram saman med dei elleve. Med sterk røyst tala han til dei:
**Peter:** «Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Merk dykk kva eg seier. Ja, lyd vel til orda mine! Desse menneska er ikkje fulle, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen. Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel: I dei siste dagar *skal det henda,* seier Gud *at eg auser ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal profetera, dei unge skal sjå syn,* *og dei gamle skal drøyma draumar. Sjølv over slavane og slavekvinnene* mine *vil eg ausa ut min Ande i dei dagane,* og dei skal tala profetord.
