---
tittel: "120528_2_pinsedag_nn_matt_14_22-24"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "120528_2_pinsedag_nn_matt_14_22-24.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120528_2_pinsedag_nn_matt_14_22-24.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "2. pinsedag – Rekke II", dato: "2024-05-20", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/2-pinsedag-rekke-ii-2024/, markdown: "../innlegg/2024-05-20-2-pinsedag-3854.md"}
---

# Bibeldrama nn: 2. pinsedag

*Rekke II, 20.05.24. Prekentekst: Joh 6,44-47 Far drar mennesker til Jesus*

Originalfil: [120528_2_pinsedag_nn_matt_14_22-24.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120528_2_pinsedag_nn_matt_14_22-24.doc)

**2. Pinsedag** **– Ein enkel dramatisering:**

###### Matt 14,22-34. **Forteljarteksta.**

For 2 eller fleire personar:

Forteljaren, læresveinene, Jesus og Peter.

**Forteljaren:** Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, medan han tok farvel med folket. Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet for å vera for seg sjølv og be.
        Då det leid til kvelds, var han der åleine. Båten var alt langt frå land og stridde hardt i bølgjene, for vinden bar imot. Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. Og då læresveinane såg han gå på vatnet, vart dei gripne av redsle.

**Læresveinene skrik:** «Det er eit gjenferd!»

**Forteljaren:** Men i det same tala Jesus til dei:

**Jesus:** «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!»

**Forteljaren:** Då sa Peter til han:

**Peter:** «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.»

**Jesus:** «Kom!»

**Forteljaren:** Peter steig ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus.

- Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa:

**Peter:** «Herre, berg meg!»

**Forteljaren:** Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa:

**Jesus:** «Du lite truande – kvifor tvila du?»

**Forteljaren:** Så steig dei opp i båten, og vinden stilna. Men dei som var i båten, tilbad han og sa:

**Læresveinene:** «Du er sanneleg Guds Son!»

**Forteljaren:** Då dei kom over sjøen, la dei til lands i Gennesaret.
