---
tittel: "120715__7_sond_i_tre_luk_19_1-10_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "120715__7_sond_i_tre_luk_19_1-10_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120715__7_sond_i_tre_luk_19_1-10_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "7. søndag i treenighetstiden – Rekke II", dato: "2024-07-07", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/7-sondag-i-treenighetstiden-rekke-ii-2024/, markdown: "../innlegg/2024-07-07-7-sondag-i-treenighetstiden-3879.md"}
---

# Bibeldrama nn: 7. søndag i treenighetstiden

*Rekke II, 07.07.24. Prekentekst: Luk 19,1-10 Sakkeus*

Originalfil: [120715__7_sond_i_tre_luk_19_1-10_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120715__7_sond_i_tre_luk_19_1-10_nn.doc)

**7. søndag i treeiningstida II – Ein enkel dramatisering:**

Luk 19,1-10. Forteljar og preiketeksta.

(for 2 eller fleire personar: Forteljaren, folket, Jesus og Sakkeus).

**Forteljaren:** Så kom Jesus til Jeriko og drog gjennom byen. Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var overtollar og svært rik. Han ville gjerne sjå kven Jesus var, men kunne ikkje koma til for folkemengda, for han var liten av vekst. 4 Difor sprang han i førevegen og klatra opp i eit morbærtre så han kunne få sjå han, for der kom han til å gå forbi. 5 Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han:

**Jesus:** «Sakkeus, skund deg og kom ned! For i dag må eg ta inn i ditt hus.»

**Forteljaren:** Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede. 7 Men alle som såg det, murra og sa:

**Folket:** «Han har teke inn hos ein syndig mann.»

**Forteljaren:** Men Sakkeus steig fram og sa til Herren:

**Sakkeus:** «Herre, halvparten av alt eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg truga pengar frå nokon, gjev eg fire gonger så mykje tilbake.»

**Forteljaren:** Då sa Jesus til han:

**Jesus:** «I dag er frelse komen til dette huset. For han er òg ein Abrahams son.

For Menneskesonen er komen for å leita etter dei bortkomne og berga dei.»
