---
tittel: "120722__8_sond_i_tre_2_mos_nn_0"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "120722__8_sond_i_tre_2_mos_nn_0.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120722__8_sond_i_tre_2_mos_nn_0.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "8. søndag i treenighetstiden – Rekke II", dato: "2024-07-14", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/8-sondag-i-treenighetstiden-rekke-ii-2024/, markdown: "../innlegg/2024-07-14-8-sondag-i-trenighetstiden-3882.md"}
---

# Bibeldrama nn: 8. søndag i treenighetstiden

*Rekke II, 14.07.24. Prekentekst: Mark 12,37b-44 Enkens gave*

Originalfil: [120722__8_sond_i_tre_2_mos_nn_0.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120722__8_sond_i_tre_2_mos_nn_0.doc)

**8. søndag i treeiningstida II – Ein enkel dramatisering:**

2 Mos 1,8-2,10. Forteljarteksta.

(for 3 eller fleire personar: Forteljaren, kongen i Egypt, jordmødrene, faraos dotter, Miriam og mor hennar).

**Forteljaren:** Det stod fram ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste om Josef. Han sa til folket sitt:
**Kongen:** «Sjå, Israelsfolket har vorte for stort og talrikt for oss. Kom, lat oss gå klokt til verks mot dei, så dei ikkje blir endå fleire! For blir det krig, slår dei seg kanskje saman med fiendane våre, strider mot oss og dreg frå landet.»
**Forteljaren:** Difor sette dei oppsynsmenn til å plaga israelittane med tvangsarbeid. Dei måtte byggja to forrådsbyar for farao, Pitom og Ramses. Men di meir dei vart plaga, di fleire vart dei, og di meir breidde dei seg utover. Og egyptarane vart redde israelittane. Dei tvinga israelittane til slavearbeid og gjorde livet bittert for dei. Dei påla dei hardt arbeid med leire og teglstein og allslags arbeid ute på marka. Alt dette slavearbeidet vart israelittane tvinga til å gjera. - Kongen i Egypt sa til jordmødrene åt hebrearane – den eine heitte Sjifra og den andre Pua:
**Kongen:** «Når de hjelper hebrearkvinnene til å føda, skal de sjå etter i fødestolen. Er det ein gut, skal de drepa han; er det ei jente, skal ho få leva.»
**Forteljaren:** Men jordmødrene frykta Gud og gjorde ikkje som egyptarkongen hadde sagt dei. Dei lét gutane leva. 18 Då kalla egyptarkongen jordmødrene til seg og sa:
**Kongen:** «Kvifor gjer de dette? De lèt gutane leva!»
**Forteljaren:** Jordmødrene svara farao:
**Jordmødrene:** «Hebrearkvinnene er ikkje som dei egyptiske. Dei er meir livskraftige. Før jordmora kjem til dei, har dei fødd.»
**Forteljaren:** Då gjorde Gud vel imot jordmødrene, og folket vart stort og overlag talrikt. Og fordi jordmødrene frykta Gud, gav han dei etterkomarar.
Då gav farao heile folket sitt dette påbodet:
**Kongen:** «Kvar nyfødd gut skal de kasta i Nilen, men døtrene skal de la leva!»

**Forteljaren:** Det var ein mann av Levis hus som gifte seg med ei levitt-dotter. Kvinna vart med barn og fødde ein son. Då ho såg at det var ein fin gut, gøymde ho han i tre månader. Men då ho ikkje kunne halda han gøymd lenger, laga ho ei korg av papyrusrøyr til han. Den tetta ho med bek og tjøre. Så la ho guten oppi korga og sette henne ut i sivet ved bredda av Nilen. Syster hans stilte seg opp eit stykke unna for å sjå korleis det gjekk med han.
     Då kom dotter til farao ned til elva for å bada, medan dei unge jentene i følgjet hennar gjekk att og fram langs elvebredda. Ho fekk auge på korga i sivet og sende ei av tenestejentene for å henta henne.  Så opna ho korga og fekk sjå guten, eit lite barn som låg og gret. Ho syntest synd på han og sa:
**Faraos dotter:** «Dette er eit av guteborna til hebrearane.»
**Forteljaren:** Då sa syster hans til faraos dotter:
**Miriam:** «Skal eg gå og finna ei hebrearkvinne som kan amma guten for deg?»
**Faraos dotter:** «Ja, gå!»
**Forteljaren:** Så gjekk den unge jenta og henta mor til guten. Dotter til farao sa til henne:
**Faraos dotter:** «Kan du ta denne guten og amma han for meg? Eg skal løna deg for det.»
**Forteljaren:** Og kvinna tok guten og amma han. Guten voks opp, og ho gjekk til faraos dotter med han, og guten vart ein son for henne. Ho gav han namnet Moses,
**Faraos dotter:** «for eg har drege han opp or vatnet».
