---
tittel: "120929_mikkelsmesse__nn_ii_drama_prekentekst"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "120929_mikkelsmesse__nn_ii_drama_prekentekst.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120929_mikkelsmesse__nn_ii_drama_prekentekst.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "Mikkelsmesse – Rekke II", dato: "2024-09-29", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/mikkelsmesse-rekke-ii-2024/, markdown: "../innlegg/2024-09-29-mikkelsmesse-3924.md"}
---

# Bibeldrama nn: Mikkelsmesse

*Rekke II, 29.09.24. Prekentekst: Luk 10,1-2.16-20 Jeg så Satan falle ned*

Originalfil: [120929_mikkelsmesse__nn_ii_drama_prekentekst.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/120929_mikkelsmesse__nn_ii_drama_prekentekst.doc)

**Mikkelsmesse – Ein enkel dramatisering
Luk 10,1-2 og 16-20. Prekentekst
**

(for 3 eller fleire personar: Forteljaren, Jesus og dei syttito)

**Forteljaren:** Sidan tok Herren ut syttito andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til. Og han sa til dei

**Jesus:** ”Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si. Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg.”

**Forteljaren:** Dei syttito kom glade tilbake og sa:

**Dei syttito:** ”Herre, til og med dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!”

**Forteljaren:** Då sa han til dei:

**Jesus:** ”Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn. 19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trakka på ormar og skorpionar og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. 20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er innskrivne i himmelen!”
