---
tittel: "121226_bibeldrama_2juledag_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "121226_bibeldrama_2juledag_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/121226_bibeldrama_2juledag_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
---

# 121226_bibeldrama_2juledag_nn

Originalfil: [121226_bibeldrama_2juledag_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/121226_bibeldrama_2juledag_nn.doc)

**Stefanusdag/ 2.Juledag** **– Ein enkel dramatisering**

**Matt 2,13-23. Forteljerteksta**

For 5 eller fleire personar: Forteljar, engel, Profeten, Josef og Maria.

**Forteljar:** Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa:

**Engel:** «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.»

**Forteljar:** Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

***Profeten:** Frå Egypt kalla eg son min.*

**Forteljar:** Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene. Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:
**Profeten Jeremia:** *I Rama høyrest skrik, gråt og høglydt klage: Rakel græt over borna sine og vil ikkje la seg trøysta. For dei er ikkje meir.*

**Forteljar:** Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt og sa:

**Engel:** «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israels-landet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.»

**Forteljar:** Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet. Men då han fekk høyra at Arkelaos hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og fór til Galilea. Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profetane, at han skulle kallast nasarear.
