---
tittel: "130224_2_sondag_i_fastetiden_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "130224_2_sondag_i_fastetiden_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130224_2_sondag_i_fastetiden_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "2. søndag i fastetiden – Rekke III", dato: "2025-03-16", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/2-sondag-i-fastetiden-rekke-iii-2025/, markdown: "../innlegg/2025-03-16-2-sondag-i-fastetiden-4058.md"}
---

# Bibeldrama nn: 2. søndag i fastetiden

*Rekke III, 16.03.25. Prekentekst: Luk 13,22-30 Den trange dør*

Originalfil: [130224_2_sondag_i_fastetiden_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130224_2_sondag_i_fastetiden_nn.doc)

**2 søndag i fastetiden.**

Luk 13,22-30. **Prekenteksten.**

(For 3 eller fleire personer: Forteljar, Ein person, Jesus.

**Forteljar:** Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. Då var det ein som spurde:

**Ein person:** «Herre, er det få som blir frelste?»

**Jesus:** «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. *Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!*’Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»
