---
tittel: "130401_2._paskedag_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "130401_2._paskedag_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130401_2._paskedag_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "2. påskedag – Rekke III", dato: "2025-04-21", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/2-paskedag-rekke-iii-2025/, markdown: "../innlegg/2025-04-21-2-paskedag-4076.md"}
---

# Bibeldrama nn: 2. påskedag

*Rekke III, 21.04.25. Prekentekst: Joh 20,11-18 Jesus og Maria Magdalena*

Originalfil: [130401_2._paskedag_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130401_2._paskedag_nn.doc)

**2. Påskedag.**

Joh 20,11-18. **Prekenteksten.**

(For 4 eller fler personer: Forteljar, Englar, Maria, Jesus.

**Forteljar:** Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava, fekk ho auge på to kvitkledde englar som sat der Jesu kropp hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene.

**Englar:** «Kvifor græt du, [kvinne](http://www.bibel.no/nb-NO/Hovedmeny/Nettbibelen/Kirkearets-tekster.aspx)?»

**Maria:** «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.»

**Forteljar:** Då ho hadde sagt dette, snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han.

**Jesus:** «Kvifor græt du, kvinne?»

**Maria:** «Kven leitar du etter?»

**Forteljar:** Ho tenkte det var gartnaren, og sa til han:

**Maria:** «Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han, så eg kan ta han med meg.»

**Jesus:** «Maria.

**Forteljar:** Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: «Rabbuni» – det tyder meister.

**Jesus:** «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje stige opp til Far. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.»

**Forteljar:** Då gjekk Maria Magdalena til læresveinane og sa til dei:

**Maria:** «Eg har sett Herren!»

Forteljar: Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne.
