---
tittel: "130407_2._sondag_i_pasketida_nn_-_jesus_og_thomas"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "130407_2._sondag_i_pasketida_nn_-_jesus_og_thomas.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130407_2._sondag_i_pasketida_nn_-_jesus_og_thomas.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "2. søndag i påsketiden – Rekke III", dato: "2025-04-17", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/2-sondag-i-pasketiden-rekke-iii-2025/, markdown: "../innlegg/2025-04-17-2-sondag-i-pasketiden-4089.md"}
---

# Bibeldrama nn: 2. søndag i påsketiden

*Rekke III, 17.04.25. Prekentekst: Joh 20,24-31 Jesus og Tomas*

Originalfil: [130407_2._sondag_i_pasketida_nn_-_jesus_og_thomas.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130407_2._sondag_i_pasketida_nn_-_jesus_og_thomas.doc)

**2. Søndag i påsketida.**

Joh 20,24-31. **Prekenteksten.**

(For 4 eller fler personer: Forteljar, Læresveinane, Jesus, Thomas.

**Forteljar:** Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje saman med dei andre læresveinane då Jesus kom.

**Læresveinane:** «Vi har sett Herren!»

**Forteljar:** sa dei til han. Men han svara:

**Jesus:** «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»

**Forteljar:** Åtte dagar etter var læresveinane hans igjen samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus, sjølv om dørene var stengde. Han stod midt imellom dei og sa:

**Jesus:** «Fred vere med dykk.»

**Forteljar:** Så seier han til Tomas:

**Jesus:** «Kom med fingeren din, sjå her er hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantru, men truande!»

**Thomas:** «Min Herre og min Gud!»

**Forteljar:** sa Tomas. Jesus seier til han:

**Jesus:** «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser, og endå trur.»

**Forteljar:** gjorde òg mange andre teikn for auga på læresveinane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka. Men desse er nedskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.
