---
tittel: "130517__luk_1711-19_drama_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "130517__luk_1711-19_drama_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130517__luk_1711-19_drama_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
---

# 130517__luk_1711-19_drama_nn

Originalfil: [130517__luk_1711-19_drama_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130517__luk_1711-19_drama_nn.doc)

**17.mai**

**Preiketeksta: Luk 17,11-19**

Enkelt Bibeldrama (for 2-3 eller fleire personer: Forteljaren, Jesus, 10 spedalske)

**Forteljaren:**  Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna og ropa:

**Spedalske roper**: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!»

**Jesus** (ser på dei): «Gå og vis dykk for prestane!»

(Dei spedalske går ut)

**Forteljaren:** Og medan dei var på veg dit, vart dei reine. Ein av dei kom tilbake då han såg han hadde vorte frisk.

(Ein spedalsk kjem inn, glad, viser seg fram og kaster seg ned for Jesus)

**Forteljaren:** Han lova Gud med høg røyst, kasta seg ned for Jesu føter med andletet mot jorda og takka han. Denne mannen var ein samaritan.

**Jesus:** «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? Var det ingen annan enn denne framande som kom tilbake og ville gje Gud æra?»

«Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.»

1.  **Luk 17,11-19**
