---
tittel: "130615_4_sond_i_tre_iii_nn_mark_12-37b-44"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "130615_4_sond_i_tre_iii_nn_mark_12-37b-44.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130615_4_sond_i_tre_iii_nn_mark_12-37b-44.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "4. søndag i treenighetstiden – Rekke III", dato: "2025-07-06", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/4-sondag-i-treenighetstiden-rekke-iii-2025/, markdown: "../innlegg/2025-07-06-4-sondag-i-treenighetstiden-4125.md"}
---

# Bibeldrama nn: 4. søndag i treenighetstiden

*Rekke III, 06.07.25. Prekentekst: Salme 22,8-12 Gud som jordmor*

Originalfil: [130615_4_sond_i_tre_iii_nn_mark_12-37b-44.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130615_4_sond_i_tre_iii_nn_mark_12-37b-44.doc)

**4. Søndag i treeiningstida.**

**Mark 12,37b-44.** **Forteljarteksta.**

(For 2 personar: Forteljaren og Jesus).

**Jesus:** David sjølv kallar han herre, korleis kan han då vera Davids son?»

**Forteljar:** Den store folkemengda høyrde gjerne på Jesus. Og medan han underviste, sa han:

**Jesus:** «Pass dykk for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå omkring i lange kapper, ta imot helsingar på torget, sitja fremst i synagogane og ha heidersplassane i gjestebod. Dei et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»

**Forteljar:** Ein gong sette Jesus seg midt imot tempelkista og såg på korleis folk la pengar i henne. Og mange rike gav mykje. Så kom det ei fattig enkje og la i to småmyntar, nokre få øre.

Då kalla han læresveinane til seg og sa:

**Jesus:** «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista. For dei gav alle av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho eigde, alt det ho skulle leva av.»
