---
tittel: "130721_9_s_it_1_mos_4-8-15_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "130721_9_s_it_1_mos_4-8-15_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130721_9_s_it_1_mos_4-8-15_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "9. søndag i treenighetstiden – Rekke III", dato: "2025-08-10", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/9-sondag-i-treenighetstiden-rekke-iii-2025/, markdown: "../innlegg/2025-08-10-9-sondag-i-treenighetstiden-4142.md"}
---

# Bibeldrama nn: 9. søndag i treenighetstiden

*Rekke III, 10.08.25. Prekentekst: Luk 6,36-42 Døm ikke*

Originalfil: [130721_9_s_it_1_mos_4-8-15_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130721_9_s_it_1_mos_4-8-15_nn.doc)

**9. søndag i treeiningstida III – Ein enkel dramatisering:**

1 Mos 4,8-15. Leseteksta.

(for 3-4 personar: Forteljaren, Kain og Herren (og Abel)).

**Forteljaren:** Sidan sa Kain til Abel, bror sin:

**Kain:** «Lat oss gå ut på marka!»

**Forteljaren:** Og medan dei var der ute, gjekk Kain laus på Abel, bror sin, og drap han. Då sa Herren til Kain:

**Herren:** «Kvar er Abel, bror din?»

**Karin:** «Eg veit ikkje. Er eg vaktar for bror min?»

**Herren:** «Kva har du gjort? Blodet til bror din ropar til meg frå jorda! Forbanna er du! No skal du vera bannlyst frå den jorda som opna munnen og tok imot blodet til bror din frå di hand. Når du dyrkar åkeren, skal han ikkje meir gje deg av rikdomen sin. Fredlaus og flyktning skal du vera på jorda.»

**Kain:** «Skulda mi er for tung å bera. Sjå, i dag driv du meg bort frå landet. Eg må gøyma meg for deg. Fredlaus og flyktning blir eg på jorda, og den som finn meg, kan slå meg i hel.»

**Herren:** «Nei! Slår nokon Kain i hel, skal det hemnast sju gonger.»

**Forteljaren:** Og Herren sette eit merke på Kain så ingen som møtte han, skulle drepa han.
