---
tittel: "130811_12_sondag_i_tre__joh_4_nn_iii"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "130811_12_sondag_i_tre__joh_4_nn_iii.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130811_12_sondag_i_tre__joh_4_nn_iii.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "12. søndag i treenighetstiden – Rekke III", dato: "2025-08-31", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/12-sondag-i-treenighetstiden-rekke-iii-2025/, markdown: "../innlegg/2025-08-31-12-sondag-i-treenighetstiden-4139.md"}
---

# Bibeldrama nn: 12. søndag i treenighetstiden

*Rekke III, 31.08.25. Prekentekst: Joh 4,27-30.39-43 Kvinnen som vitnet*

Originalfil: [130811_12_sondag_i_tre__joh_4_nn_iii.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130811_12_sondag_i_tre__joh_4_nn_iii.doc)

**12. søndag i treeiningstida – Ein enkel dramatisering:**

Joh 4,27-30.39-43. Preiketeksta.

For 2 eller fleire personar: Forteljaren, kvinna og ein i folket (og folket)).

**Forteljaren:** I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg over at han snakka med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville eller kvifor han snakka med henne. Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket:

**Kvinna:** «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?»

**Forteljaren:** Då gjekk dei ut av byen og kom til han.
   Mange av samaritanane frå den byen tok til å tru på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna:

**Kvinna:** «Han har sagt meg alt det eg har gjort.»

**Forteljaren:** Då samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hos seg, og han vart verande der to dagar. Og mange fleire tok til å tru fordi dei fekk høyra hans eige ord, og dei sa til kvinna:

**Ein i folket:** «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa, for vi har høyrt han sjølve. Og vi veit at han verkeleg er den som skal frelsa verda.»

**Forteljaren:** Då dei to dagane var gått, drog Jesus ut derifrå og fór til Galilea.
