---
tittel: "130929_mikkelsmesse_1_mos_2810-19_drama_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "130929_mikkelsmesse_1_mos_2810-19_drama_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130929_mikkelsmesse_1_mos_2810-19_drama_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "Mikkelsmesse – Rekke III", dato: "2025-09-29", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/mikkelsmesse-rekke-iii-2025/, markdown: "../innlegg/2025-09-29-mikkelsmesse-4159.md"}
---

# Bibeldrama nn: Mikkelsmesse

*Rekke III, 29.09.25. Prekentekst: Joh 1,47-51 Se Guds engler stige opp og ned*

Originalfil: [130929_mikkelsmesse_1_mos_2810-19_drama_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/130929_mikkelsmesse_1_mos_2810-19_drama_nn.doc)

**Mikkelsmessa**

**Leser teksta: 1 Mos 28,10-19a**

Enkelt Bibeldrama (for 2-3 eller fleire personer: Forteljaren, Jakob, Herren som en skjult person. Utstyr: Ein stige, englar?, stein, olje, plakat med Betel på ei side og Lus på den andre sida.

**Forteljaren:** Jakob er på veg til Mesopotamia for å finne seg ei kone .Han drog frå Beer-Sjeba og tok vegen mot Harran. 11 Han kom fram til ein stad der han vart verande natta over, for sola hadde gått ned. Han tok ein av steinane på staden og la han under hovudet. Så la han seg til å sova. Då hadde han ein draum: Sjå, ein stige var reist på jorda, og toppen nådde opp til himmelen. Og sjå, Guds englar gjekk opp og gjekk ned på han. Då stod Herren framfor han. Han sa:

Herren: «Eg er Herren, Gud til far din, Abraham, og Isak. Den jorda du ligg på, vil eg gje til deg og di ætt. Ætta di skal bli som støvet på jorda. Du skal breia deg ut mot vest og aust, mot nord og sør, og i deg og di ætt skal alle slekter på jorda velsignast.  Sjå, eg vil vera med deg og verna deg kvar du enn går, og føra deg tilbake til dette landet. For eg skal ikkje gå frå deg, men gjera det eg har lova deg.»
Forteljaren: Då vakna Jakob av søvnen og sa:

Jakob: «Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!» (Vær redd!) «Kor skremmeleg denne staden er! Dette må vera Guds hus, her er porten til himmelen.»

Forteljaren: Om morgonen stod Jakob tidleg opp. Han tok steinen han hadde hatt under hovudet, og reiste han som ei støtte. Så helte han olje over han. **19** Han kalla staden for Betel. Men tidlegare heite byen Lus.(snu plakaten)

1.  1 Mos 28,10-19a
