---
tittel: "131027_bots_og_bededag_drama_nn_0"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "131027_bots_og_bededag_drama_nn_0.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/131027_bots_og_bededag_drama_nn_0.doc
lastet_opp: 2023-11-12
---

# 131027_bots_og_bededag_drama_nn_0

Originalfil: [131027_bots_og_bededag_drama_nn_0.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/131027_bots_og_bededag_drama_nn_0.doc)

###### Bots og bededag

1.  **Leseteksten: Luk 15, 11-32**

**Enkelt Bibeldrama** (for 2-3 eller fleire personer: Forteljaren, Jesus, faren, 2 søner, tenar).

**Forteljarer:** Jesus fortalte mange likning, forteljingar som skulle gjøre det enklare å forstå vanskelige temaer. Denne likning er om kor glad Gud er i menneskjene.

**Jesus:** «Ein mann hadde to søner.

**Yngste sonen** ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’

Forteljaren: Så skifte han eige domen sin mellom dei. Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin. Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud. **1**Han gjekk då til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine for å gjeta grisene. Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko.
Då gjekk han i seg sjølv og sa:

**Yngste sonen:** ‘Kor mange leigekarar heime hos far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel! Eg vil bryta opp og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.’

**Forteljaren:** Så braut han opp og gjekk heim til far sin.(Han går nedover midtgangen og snur og er nervøs
Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han,( faren som har stått på sidelinja, går, så springer inn i midtgangen og mot sonen) og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han.

**Yngste sonen**: ‘Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.’

**Faren (**sa til tenarane:) ‘Skund dykk! Finn fram dei beste kleda og ha dei på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene. Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og feira. For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’ Og så tok festen og gleda til.
Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimover og nærma seg garden, høyrde han spel og dans. Han ropa på ein av karane og spurde kva som stod på.

**Tenar:** ‘Bror din er komen’, svara han, ‘og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han velberga heim att.’

**Forteljar:** Då vart han sint og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han. Men han svara attende:

**Eldste sonen**: ‘No har eg tent deg i alle år og aldri sett meg opp mot dine bod. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine. Men når han kjem heim, denne son din som har sløst bort pengane dine i lag med horer, då slaktar du gjøkalven for han!’

**Faren:** ‘Du er alltid hos meg, barnet mitt, og alt mitt er ditt. Men no må vi halda fest og vera glade. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’»

2.  Luk 15,11-32
