---
tittel: "131110_25_sondag_i_tre_drama_nn__docx"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "131110_25_sondag_i_tre_drama_nn__docx.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/131110_25_sondag_i_tre_drama_nn__docx.doc
lastet_opp: 2023-11-12
---

# 131110_25_sondag_i_tre_drama_nn__docx

Originalfil: [131110_25_sondag_i_tre_drama_nn__docx.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/131110_25_sondag_i_tre_drama_nn__docx.doc)

**25.søndag i treenighetstiden.**

**Preikenteksta Joh.5,1-15**

Enkelt Bibeldrama (for 2-3 eller fleire personer: Forteljaren, Jesus, den syke, noen jøder).

**Forteljaren:** Etter dette kom ei av høgtidene til jødane, og Jesus drog opp til Jerusalem. Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda. Rundt dammen er det fem bogegangar. Der låg det ei mengd menneske som var sjuke, blinde, lamme og uføre. Dei venta på at vatnet skulle koma i rørsle, for ein engel frå Herren steig frå tid til anna ned i dammen og rørte opp vatnet. Den første som då steig nedi etter at vatnet var rørt opp, vart frisk, same kva sjukdom han hadde.
 No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år. Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, og sa til han:

**Jesus:** «Vil du bli frisk?»

**Den syke:** «Herre», «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet blir rørt opp, og når eg er på veg, stig ein annan uti før meg.»

**Jesus:** «Stå opp, ta båra di og gå!»

**Forteljaren:**  Og straks vart mannen frisk. Han tok båra si og gjekk.
Men det var sabbat den dagen. Difor sa jødane til han som hadde vorte lækt:

**Jødene**:«Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.»

**Den syke:** «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: ‘Ta båra di og gå!’»

**Jødene:** «Kven er det mennesket som sa at du skulle ta båra di og gå?»

**Fortejaren**: Men han som hadde vorte frisk, visste ikkje kven det var, for Jesus hadde trekt seg unna; det var så mykje folk der. Seinare fann Jesus mannen på tempelplassen og sa til han:

**Jesus:** «No har du vorte frisk att. Synd ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.»

**Forteljaren:** Mannen gjekk då og fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk.

1.  Joh 5,1-15
