---
tittel: "131226_2_juledag_stefanusdagen_matt_213-23_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "131226_2_juledag_stefanusdagen_matt_213-23_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/131226_2_juledag_stefanusdagen_matt_213-23_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "Stefanusdag/2. juledag – Rekke I", dato: "2025-12-26", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/stefanusdag-2-juledag-rekke-i-2025/, markdown: "../innlegg/2025-12-26-stefanusdag-2-juledag-4209.md"}
---

# Bibeldrama nn: Stefanusdag/2. juledag

*Rekke I, 26.12.25. Prekentekst: Matt 2,16-23 Barnemordet og veien til Nasaret*

Originalfil: [131226_2_juledag_stefanusdagen_matt_213-23_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/131226_2_juledag_stefanusdagen_matt_213-23_nn.doc)

**2 juledag/Stefanusdagen**

**Preiketeksta:**

Enkelt Bibeldrama (for 2-3 eller fleire personer: Forteljaren, Herodes, Josef, Maria, Jesus, en engel

**Forteljaren:** Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa:

**En engel:** «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.»

*Josef tek med seg Maria og barnet og går raskt ned midtgangen. De er redde.*

**Forteljaren**: **H**an stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta.Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
          * Frå Egypt kalla eg son min.* **D**å Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene. Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:

     * I Rama høyrest skrik,*
          * gråt og høglydt klage:*
          * Rakel græt over borna sine*
          * og vil ikkje la seg trøysta.*
          * For dei er ikkje meir.*

Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt og sa:

**En engel**: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israels-landet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.»

*Josef, Maria og barnet kjem opp midtgangen i igjen og går opp til alterringen.*

**Forteljaren:** Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet. Men då han fekk høyra at Arkelaos hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og fór til Galilea. Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profetane, at han skulle kallast nasarear.

1.  [**Matt 2,13-23**](http://www.bibel.no/Nettbibelen?query=SyXGjvFYqNIZbs4N/mRmrZYb28hMG0T1lUYfl+S57XbbSA4h6RKIxREI+ClTNddKw0hASittvNmX4mRy4lMvnA==)
