---
tittel: "140309_1.sondag_i_fastetiden_ekstra_punkter_til_prekenen"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "140309_1.sondag_i_fastetiden_ekstra_punkter_til_prekenen.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/140309_1.sondag_i_fastetiden_ekstra_punkter_til_prekenen.doc
lastet_opp: 2023-11-12
---

# 140309_1.sondag_i_fastetiden_ekstra_punkter_til_prekenen

Originalfil: [140309_1.sondag_i_fastetiden_ekstra_punkter_til_prekenen.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/140309_1.sondag_i_fastetiden_ekstra_punkter_til_prekenen.doc)

**1.søndag i faste.**

**Punkt til preika med salmeforslag:**

**Kva historiar står før og etter:**

Jesus hadde i 30 år budd heime i Nasaret og vore snekker. Folk i flokkevis kom til døyparen Johannes ved Jordan. Ein dag var også Jesus der og let seg døypa; under protest frå Johannes: ”Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg”. Då opna himmelen seg og Guds Ande kom dalande ned over Jesus som ei due og Guds røyst lydde: ”Dette er Son min. I han har eg mi glede.” Kva betydde det for Jesus, med Johannesdåpen, dua som kom med Guds Ande og Guds stemme som lydde? Det sette Jesus på ein heilt ny livskurs. Alt blei forandra. Jesus gjekk no i ferdiglagte gjerningar, slik evangelia fortel.

Men før Jesus tok til med si gjerning, førte Gud han ut i ørkenen, til 40 dagar med faste.

**Teksten sin klangbotn i GT:**

Freistinga ørkenen ha ein tydeleg parallell i freistinga i paradishagen.

Kva Gud har sagt, var viktig og avgjerande i begge fortellingane.

I begge fortellingar kan ein undre seg over:

Kvifor Gud plasserte eit tre i paradis, der alt var godt, som kne øydelegge alt. Skapte Gud det vonde i paradis og visste at menneske kom til å velge det vonde?

Tillot og ynskte Gud at Jesus skulle bli freista av djevelen i øydemarka?

Freistinga i skapingssoga var konkret. Også i audemarka brukte djevelen det som var mest konkret og utfordrande for Jesus.

Resultatet av freistinga var motsett. Til fall og fordøming i skapingssoga eller til velsigning med Andens kraft etter freistinga i ørkenen(Lukas 4,14).

Begge dei 2 tekstane står ved starten av kvar si pakt: GT og NT.

**Teksten i punkt:**

1)Anden førte Jesus ut i ørkenen, for at djevelen skulle freista han! I paradishagen stod det eit tre som gav kunskap om godt og vondt, til feisting!!

2\) Freistinga kom først etter 40 dagar med faste, ”då svolten hadde teke Jesus.” Han var på det aller mest sårbare.

3\) Første freisting: Djevelen og Jesus siterte frå Guds Ord

Andre freisting: Djevelen og Jesus siterte frå Guds Ord.

Tredje freisting: Bare Jesus siterte frå Guds Ord.

Djevelen måtte gje opp

4\) Dei 40 dagane i ørkenen skulle vise kva val Jesus ville gjere! Kven han ville halde seg til! Kven sitt ord ville han stole på! Det var maktkamp.

5\) Etter freistinga kom englar og tente Jesus, sikkert med mat og drikke.

**Teksten sin samanhengande hovudbudskap:**

Kampen mor freisting.

**Teksten si oppmuntring/lovnad/evangeliet:**

Etter freistinga kom englar og tente Jesus. – Vi er ikkje åleine i freistinga, sjølv om vi opplever det slik.

**Teksten si formaning/krav/lov:**

Guds ord er vår viktigaste hjelp og vårt våpen i freistinga. Lever vi i Guds Ord, , så ligg Ordet der og kan hentast fram. når angrepet/freistinga kjem.

**Korleis er samanhengen til teksten frå søndagen før:**

Sist søndag var om Jesu forklåring på fjellet. Opp til då har tema for søndagane vore å syne Jesus makt og velde, høgde over høgde. Men etter openberringa på fjellet går vegen ned i dalen att. No er mål og fokus det som skulle skje i Jerusalem i påska.

**Preiketeksten si samanheng til dei to andre tekstane:**

Korleis kan Jakob seie at Gud freistar ingen? Gud planta treet som førte til fall i paradishagen. Og korleis kunne Anden føre Jesus ut i øydemarka, for at djevelen skulle freista han, når Jakob seier at Gud freister ingen?

Når freistinga i paradis av mange blir problematisert som ei vekeleg hending, då må ein og problematisere Jesu freisting i øydmarka. Ordet kom ordet til oss ei krybbe og blei openberra først for gjetarar som vakta sauene sine. Den ytre ramma for Gudsopenberringa er ikkje prangane og kongeleg.

**Salmeforslag:**

Eg får ofte god hjelp av menighetsfakultetet sin salmekalender og tilrår den.

To nye salmeforslag:

Ei salme om vår kamp i freisting og med vår bøn om hjelp, er NoS 720 (gamal bok)

Ei salme frå England som løfter fram Jesu siger og gjev oss håp, er Nr. 57 i Salme 97.

Stein Oltedal

Prostiprest i Sunnfjord
