---
tittel: "140713_drama_mark_1017-27_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "140713_drama_mark_1017-27_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/140713_drama_mark_1017-27_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "4. søndag i treenighetstiden – Rekke I", dato: "2026-06-21", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/4-sondag-i-treenighetstiden-rekke-i-2026/, markdown: "../innlegg/2026-06-21-4-sondag-i-treenighetstiden-4313.md"}
---

# Bibeldrama nn: 4. søndag i treenighetstiden

*Rekke I, 21.06.26. Prekentekst: Mark 10,17-27 Jesus og den rike mannen*

Originalfil: [140713_drama_mark_1017-27_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/140713_drama_mark_1017-27_nn.doc)

**4. søndag i treeiningstida– Ein enkel dramatisering:**

Mark 10,17-27 . Forteljar teksta (for 4-5 personar: Forteljar, mann, læresvennene, Jesus).

**Forteljar**: Då Jesus skulle fara derifrå, kom det ein mann springande, fall på kne for han og spurde:

Mann: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?»

**Jesus:** «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin – det er Gud! Boda kjenner du: *Du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, du skal ikkje lura til deg noko, æra far din og mor di.*»

**Mann:** «Meister, alt dette har eg halde frå eg var ung.»

**Jesus:** (såg på han og fekk han kjær). «Éin ting manglar du: Gå bort og sel alt du eig, og gjev det til dei fattige; då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!»

**Forteljar:** Då han høyrde dette, fór det ein skugge over andletet hans, og han gjekk sorgtung bort, for han eigde mykje.
Då såg Jesus omkring seg og sa til læresveinane sine:

**Jesus:** «Kor vanskeleg det blir for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike!»

**Forteljar:** Læresveinane vart gripne av otte og undring då han sa det. Men Jesus tok til orde att og sa:

**Jesus:** «Kor vanskeleg det er, borna mine, å koma inn i Guds rike \*for dei som set si lit til rikdom•. Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»

**Forteljar:** Då vart dei reint forstøkte og sa til kvarandre:

**Læresvennene**: «Kven kan då bli frelst?»

**Jesus:** «For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. Alt er mogleg for Gud.»

[**Mark 10,17-27**](http://www.bibel.no/Nettbibelen?query=YmBo4edP7WIz7Y/NDJcwVRcJ4ViG94Nq4COxG8BlCiZCCFKlGnHTa3uriWQGq456DyKukTyGrk/LYnTC1OFD5g==)
