---
tittel: "140914_matt_201-16_drama_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "140914_matt_201-16_drama_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/140914_matt_201-16_drama_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "Vingårdssøndag/14. søndag i treenighetstiden – Rekke I", dato: "2026-08-30", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/vingardssondag-14-sondag-i-treenighetstiden-rekke-i-2026/, markdown: "../innlegg/2026-08-30-14-sondag-i-treenighetstiden-4340.md"}
---

# Bibeldrama nn: Vingårdssøndag/14. søndag i treenighetstiden

*Rekke I, 30.08.26. Prekentekst: Matt 20,1-16 Arbeidarane i vingarden*

Originalfil: [140914_matt_201-16_drama_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/140914_matt_201-16_drama_nn.doc)

**Vingardsøndag Tekstrekke 1**

**– Ein enkel dramatisering:**

Matt 20,1-16. Forteljarteksten.

(for 2 eller fleire personar: Forteljaren, jordeigaren, siste arbeidar og arbeidar 1).

**Forteljaren:** Himmelriket kan liknast med ein jordeigar som gjekk ut tidleg om morgonen for å leiga arbeidsfolk til vingarden sin. Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden. (Mim dette). Så gjekk han ut omkring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget. Han sa til dei:

**Jordeigaren:** ‘Gå bort i vingarden, de òg! Så skal eg gje dykk det som er rett.’

**Forteljaren:** Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut omkring den sjette og den niande timen og gjorde like eins. Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei:

**Jordeigaren:** ‘Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?’

**Siste arbeidar:** ‘Fordi ingen har leigd oss’,

**Jordeigaren:** ‘Gå bort i vingarden, de òg.’

**Forteljaren:** Då det leid til kvelds, sa vingardseigaren til forvaltaren sin:

**Jordeigaren:** ‘Kall fram arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei første.’

**Forteljaren:** Så kom dei som var leigde omkring den ellevte timen, og fekk ein denar kvar. Då dei første kom, venta dei å få meir; men dei fekk kvar sin denar, dei òg. Dei tok imot pengane, murra mot jordeigaren og sa:

**Arbeidar 1:** ‘Dei som kom sist, har ikkje arbeidd meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen!’

**Jordeigaren:** ‘Ven, eg gjer deg ikkje urett. Var vi ikkje samde om ein denar? Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg. Har eg ikkje lov å gjera som eg vil med det som er mitt? Eller ser du med vonde auge på at eg er god?’

**Forteljaren:** Såleis skal dei siste bli dei første og dei første dei siste.»
