---
tittel: "141005_drama_joh_1117-46__nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "141005_drama_joh_1117-46__nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/141005_drama_joh_1117-46__nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
---

# 141005_drama_joh_1117-46__nn

Originalfil: [141005_drama_joh_1117-46__nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/141005_drama_joh_1117-46__nn.doc)

**Enkelt bibeldrama:
17.søndag i treeiningstida**

**Joh 11,17-29(30-46) Leserteksta**

For 2 eller fleire personar: (Forteljaren,Lasarus, Marta, Maria, noen jøder)

**Forteljaren:** Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i grava.  Betania ligg ikkje langt frå Jerusalem, berre femten stadiar om lag,  og mange jødar var komne til Marta og Maria og ville trøysta dei i sorga over broren.  Så snart Marta fekk høyra at Jesus kom, gjekk ho og møtte han, men Maria vart sitjande heime.  Marta sa til Jesus:

**Marta:** «Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min døydd. Men no òg veit eg at alt det du bed Gud om, vil han gje deg.»

**Jesus:**  «Bror din skal stå opp att»,

**Marta:**  «Eg veit at han skal stå opp att når alle står opp på den siste dagen»,

**Jesus:** «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?»

**Marta **«Ja, Herre», «eg trur at du er Messias, Guds Son, han som skal koma til verda.»

**Forteljaren:** Då ho hadde sagt dette, gjekk ho og kalla i løynd på Maria, syster si, og sa til henne:

**Marta:** «Meisteren er her og spør etter deg.»

**Forteljaren:**  Då Maria høyrde det, reiste ho seg straks og gjekk ut til han. Jesus var endå ikkje komen inn i landsbyen; han var framleis der Marta hadde møtt han.  Dei jødane som var heime hos Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, og dei følgde etter; dei tenkte at ho gjekk ut til grava og ville gråta der.
Som no Maria kom dit Jesus var, og fekk sjå han, kasta ho seg ned for føtene hans og sa:

**Maria**: «Herre, hadde du vore her, hadde ikkje bror min døydd.» Då Jesus såg at dei gret, både ho og alle jødane som følgde henne, vart han oppskaka og opprørt i sitt indre, og han sa:

**Jesus**: «Kvar har de lagt han?»

**Maria og Marta:** «Kom og sjå, Herre»,

**Forteljaren**: Jesus gret. Då sa jødane:

**Nokre jøder**: «Sjå kor glad han var i han.»

Noen andre jøder: «Han som opna auga på ein som var blind, kunne ikkje han ha hindra at denne mannen døydde?»

**Forteljaren**:  Jesus vart igjen opprørt og gjekk bort til grava. Det var ei hòle, og det låg ein stein framfor opninga.

**Jesus:** «Ta bort steinen!»

**Marta**. «Herre», «det luktar alt av han, for han har lege fire dagar i grava.»

**Jesus:** «Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom?»

**Forteljaren:** Så tok dei steinen ifrå. Og Jesus såg opp mot himmelen og sa:

**Jesus:** «Far, eg takkar deg fordi du har høyrt meg. Eg visste at du alltid høyrer meg. Men eg seier dette på grunn av folket som står omkring, så dei skal tru at det er du som har sendt meg.»

**Forteljaren:** Då han hadde sagt det, ropa han høgt:

**Jesus: «Lasarus, kom ut!» **

**Forteljaren:**  Og den døde kom ut med hendene og føtene sveipte i likklede **og med ein duk bunden over andletet. Jesus sa til dei:**

**Jesus:** «Løys han og lat han gå!»

**Forteljaren:**  Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han.  Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort.

[Joh 11,17-29(30-46)](http://www.bibel.no/Nettbibelen?query=JSK6x8syuELtc2PioiuanUIeJeEG8RLlBfhGSKIsDiGltK9HZY6iMcbY041PN2sPsB/uwiG8ePJNXpzX63jdtg==)
