---
tittel: "141026drama_matt_520-26__nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "141026drama_matt_520-26__nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/141026drama_matt_520-26__nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "Bots- og bønnedag – Rekke I", dato: "2026-10-25", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/bots-og-bonnedag-rekke-i-2026/, markdown: "../innlegg/2026-10-25-bots-og-bonnedag-4362.md"}
---

# Bibeldrama nn: Bots- og bønnedag

*Rekke I, 25.10.26. Prekentekst: Luk 13,22-30 Er det få som blir frelst?*

Originalfil: [141026drama_matt_520-26__nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/141026drama_matt_520-26__nn.doc)

**Enkelt bibeldrama:
Bots og bededag.**

**Luk 13,22-30 Prekenteksta**

For 2 eller fleire personar: (Forteljaren, Jesus, nokre msk, ein husherre og ein mann)

**Forteljaren:** Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste. Då var det ein som spurde:

**Ein mann:** «Herre, er det få som blir frelste?»

**Jesus:** «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det. Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier:

**Nokre msk:** ‘Herre, lat opp for oss’,

**Husherren**(står i dåra): ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’  :

**Nokre msk:** ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’

**Husherren:** ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. *Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!*’

**Forteljaren:** Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»

[Luk 13,22-30](http://www.bibel.no/Nettbibelen?query=c6r4KKs2UzZMeekVrjfl0E7cCYnaWq2FRbI2LnJMgPanb3u2/BkPWlWOf/9mA8S4hg7Kg3g0avFxYQE/HvRasw==)
