---
tittel: "141109_22_sondag_i_treenighetstiden_drama_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "141109_22_sondag_i_treenighetstiden_drama_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/141109_22_sondag_i_treenighetstiden_drama_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
---

# 141109_22_sondag_i_treenighetstiden_drama_nn

Originalfil: [141109_22_sondag_i_treenighetstiden_drama_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/141109_22_sondag_i_treenighetstiden_drama_nn.doc)

**22 søndag i treenighetstiden**

1.  **Leseteksten: Luk 10,25-37**

**Enkelt Bibeldrama** (for 2-3 eller flere personer: Forteljaren, Lovkyndig, Jesus, prest, Levitt, samaritan, mann, vert på herberget).

**Forteljaren:** Jesus hadde mykje folk rundt seg og ein dag steig det fram ein lovkunnig. Han ville setja Jesus på prøve og sa:

**Lovkunnig: «**Meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?»

**Jesus:** «Kva står skrive i lova?» «Korleis les du?»

**Lovkunnig:** «* Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.*»

**Jesus:** «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.»

**Forteljaren:** Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde:

**Lovkunnig:** «Kven er så nesten min?»

**(Mens Jesus forteljar spiller dei forskjellege personene rollene sine utan å sei noko) **

Jesus: «Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi. Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han. Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa:

**Samaritanen:** ‘Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’

Ein liten pause før Jesus igjen vendar seg til den Lovkunnige og seier:

**Jesus:** Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?»

**Lovkunnig** «Den som viste miskunn mot han», svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.»

2.  Luk 10,25-37
