---
tittel: "141123_matt_2531-46_nn_drama"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "141123_matt_2531-46_nn_drama.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/141123_matt_2531-46_nn_drama.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "Domssøndag/Kristi kongedag – Rekke I", dato: "2026-11-22", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/domssondag-kristi-kongedag-rekke-i-2026/, markdown: "../innlegg/2026-11-22-domssondag-kristi-kongedag-4376.md"}
---

# Bibeldrama nn: Domssøndag/Kristi kongedag

*Rekke I, 22.11.26. Prekentekst: Matt 25,31-46 Dommen*

Originalfil: [141123_matt_2531-46_nn_drama.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/141123_matt_2531-46_nn_drama.doc)

**Domssøndag/Kristi kongedag:**

**Matt 25,31-46 Leser teksta**

Enkelt dramaforteljing: (Forteljaren, Kongen, nokre rettferdige og nokre urettferdige)

**Forteljaren:**  Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på trona i sin herlegdom. Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjetar skil sauene frå geitene, og setja sauene på si høgre side og geitene på si venstre.
Så skal kongen seia til dei på høgre sida:

**Kongen: ‘**Kom hit, de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand til dykk frå verda vart grunnlagd. For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.’ Då skal dei rettferdige svara:

**Dei rettferdige:** ‘Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg? Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?’

**Kongen**: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg. Gå bort frå meg, de som er forbanna,(og så peikar kongen til venstre) til den evige elden som er gjord i stand for djevelen og englane hans.  For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke;  eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg.’

**Dei rettferdige:** Då skal dei svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten eller tørst eller framand eller naken eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?’

**Kongen:** ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.’ Så skal dei gå bort til evig straff, og dei rettferdige til evig liv.»

1.  [Matt 25,31-46](http://www.bibel.no/Nettbibelen?query=SyXGjvFYqNIZbs4N/mRmrVUcXvAwj28hXXbwhwmwLQ18f4jqq4TYq5CDhkRyc/AqAY0mew6W8Ze6l95KRHgw1A==)
