---
tittel: "143003_sondag_i_fastetiden_nn_1_mos_45_1-15"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "143003_sondag_i_fastetiden_nn_1_mos_45_1-15.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/143003_sondag_i_fastetiden_nn_1_mos_45_1-15.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "3. søndag i fastetiden – Rekke I", dato: "2026-03-08", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/3-sondag-i-fastetiden-rekke-i-2026/, markdown: "../innlegg/2026-03-08-3-sondag-i-fastetiden-4247.md"}
---

# Bibeldrama nn: 3. søndag i fastetiden

*Rekke I, 08.03.26. Prekentekst: Luk 11,14-28 Jesu makt over urene ånder*

Originalfil: [143003_sondag_i_fastetiden_nn_1_mos_45_1-15.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/143003_sondag_i_fastetiden_nn_1_mos_45_1-15.doc)

**3 søndag i fastetiden– Ein enkel dramatisering:**

###### 1 Mos 45,1-15**.50,14-21 Forteljarteksta.**

For 2 eller fleire personar:

Forteljaeren, Josef og brørne hans.

**Forteljaren**: Då kunne ikkje Josef leggja band på seg lenger for alle dei som stod omkring han. Han ropa:

**Josef:** «Lat alle gå ut herifrå!»

**Forteljaren:** Såleis var det ingen andre til stades då Josef lét brørne sine få vita kven han var. Han brast i gråt så høgt at egyptarane høyrde det, og huset til farao fekk høyra om det. Så sa Josef til brørne sine:

**Josef:** «Eg er Josef! Lever far min enno?»

**Forteljaren**: Men brørne kunne ikkje svara han; dei stod framfor han, slegne av skrekk. Josef sa til dei:

**Josef**: «Kom hit til meg!»

**Forteljaren:** Dei gjekk bort til han, og han sa:

**Josef:** Eg er Josef, bror dykkar, han de selde til Egypt. Ver no ikkje sorgfulle og døm ikkje dykk sjølve fordi de selde meg. Det var for å berga liv at Gud sende meg føre dykk. I to år har det vore hungersnaud i landet, og i enno fem år skal det korkje bli pløgd eller hausta. Men Gud sende meg i førevegen for å la dykk bli ein rest på jorda, så de skal leva og mange bli berga. Så det var ikkje de som sende meg hit, men Gud. Han sette meg til far for farao, til herre over heile hans hus og til styrar over heile Egypt. Skund dykk, dra opp til far og sei: Så seier Josef, son din: «Gud har sett meg til herre over heile Egypt. Kom ned til meg, og dryg ikkje! Du skal få bu i Gosen og vera nær meg, både du og borna og barneborna dine, småfeet og storfeet ditt og alt du eig. Eg skal syta for deg der, for enno kjem det fem år med hungersnaud. Korkje du eller ditt hus eller nokon av dine skal lida naud.»

- No ser de med eigne auge, både de og Benjamin, bror min, at det er eg som talar til dykk. Fortel far min om all den ære og makt eg har i Egypt, og om alt de har sett. Skund dykk, kom hit ned med far.

**Forteljaren:** Så kasta han seg om halsen på Benjamin, bror sin, og gret, og Benjamin gret på skuldra hans. Han kyste alle brørne sine og gret med dei. Etter dette tala brørne med han.

Då Josef hadde gravlagt far sin, drog han tilbake til Egypt saman med brørne sine og alle som hadde drege opp med han for å gravleggja Jakob. Då brørne til Josef såg at far deira var død, sa dei:

**Brødrane:** «Berre no ikkje Josef legg oss for hat og gjev oss att for alt det vonde vi har gjort mot han!»

**Forteljaren:** Så sende dei bod til Josef og sa:

**Brødrane:** «Før han døydde, baud far din at vi skulle seia dette til deg: Kjære, tilgjev brørne dine den uretten dei gjorde då dei synda og handla vondt mot deg. Tilgjev no uretten som er gjord av oss som tener din fars Gud.»

**Forteljaren**: Josef gret då dei tala slik til han.
 Sidan kom brørne sjølve og kasta seg ned for han og sa:

**Brødrane**: «Sjå, vi er dine tenarar.»

Josef: «Ver ikkje redde! Er eg i Guds stad? De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, for han ville gje liv til eit stort folk, slik vi ser i dag. Så ver ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borna dykkar.»

**Forteljaren:** Slik trøysta han dei og tala til hjartet deira.

1.  [1 Mos 45,1-15;50,14-21](http://www.bibel.no/Nettbibelen?query=ud8MMrJeKwHNJdqN05oJoaxpKeR2xI1b8OqKzL0FDfdZe05ZmgbbNBRWza8yyQHj91Qfe0LUXWG6O3zNscbzTA==)
