---
tittel: "180311_4._sondag_i_fastet_4_mos_214-9_nn"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "180311_4._sondag_i_fastet_4_mos_214-9_nn.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/180311_4._sondag_i_fastet_4_mos_214-9_nn.doc
lastet_opp: 2023-11-12
brukt_i:
  - {innlegg: "4. søndag i fastetiden – Rekke II", dato: "2024-03-10", rolle: "Bibeldrama nn", url: https://www.ordetbe.no/4-sondag-i-fastetiden-rekke-ii-2024/, markdown: "../innlegg/2024-03-10-4-sondag-i-fastetiden-3669.md"}
---

# Bibeldrama nn: 4. søndag i fastetiden

*Rekke II, 10.03.24. Prekentekst: Joh 3,11-16 Så høyt har Gud elsket verden*

Originalfil: [180311_4._sondag_i_fastet_4_mos_214-9_nn.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/180311_4._sondag_i_fastet_4_mos_214-9_nn.doc)

**4. søndag i fastetida – Ein enkel dramatisering:**

4 Mos 21,4-9. Lese teksta.

(for 2-fleire personar: Forteljaren, Herren, Klagaren og folket).

**Forteljaren:** Så braut dei opp frå Hor-fjellet og tok vegen mot Sivsjøen. For dei ville gå utanom Edom-landet. Men på vegen vart folket utolmodig og tok til orde mot Gud og mot Moses:

**Folket:** «Kvifor førte de oss ut frå Egypt for å døy i ørkenen? Her finst det korkje brød eller vatn, og vi er inderleg leie av denne elendige maten.»

**Forteljaren:** Då sende Herren serafslangar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde. Folket kom til Moses og sa:

**Folket:** «Vi synda då vi tok til orde mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta slangane bort frå oss!»

**Forteljaren:** Og Moses bad for folket. Då sa Herren til han:

**Herren:** «Lag deg ein serafslange og set han på ei stong! Alle som blir bitne, skal sjå opp på han. Då skal dei leva.»

**Forteljaren:** Moses laga ein koparslange og sette han på stonga. Og når nokon vart biten av ein slange og såg på koparslangen, fekk han leva.
