---
tittel: "domssondag_kristi_kongedag_bibeldrama_nn_0"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "domssondag_kristi_kongedag_bibeldrama_nn_0.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/domssondag_kristi_kongedag_bibeldrama_nn_0.doc
lastet_opp: 2023-11-12
---

# domssondag_kristi_kongedag_bibeldrama_nn_0

Originalfil: [domssondag_kristi_kongedag_bibeldrama_nn_0.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/2023/import/domssondag_kristi_kongedag_bibeldrama_nn_0.doc)

**Domssøndag/Kristi kongedag – ein enkel dramatisering**

**Matt 25,1-13. Preketeksta**

(For 4-5 eller fleire personar: Forteljar, budbærer, de uforstandige, de kloke, Herren.)

**Forteller:** Då kan himmelriket liknast med ti brudejenter som tok oljelampene sine og gjekk ut for å møta brudgomen. Fem av dei var uforstandige, og fem var kloke. Då dei uforstandige tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. Men dei kloke tok olje med seg i kanner saman med lampene sine. Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna. Men midt på natta høyrdest eit rop:

**Ein budbærer:** ”Brudgomen kjem! Gå og møt han!”

**Forteller:** Då vakna alle brudejentene og stelte lampene sine. 8 Og dei uforstandige sa til dei kloke:

**De uforstandige:** ”Gjev oss litt olje. Lampene våre sloknar.”

**De kloke:** ”Nei.”

**Forteller:** svara dei kloke

**De kloke:** ”Vi har ikkje nok både til oss og til dykk. Gå heller til dei som sel olje, og kjøp sjølve.”

**Forteller:** Medan dei var borte for å kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet, og døra vart stengd. Ei stund etter kom dei andre brudejentene og sa:

**De uforstandige:** ”Herre, herre, lat opp for oss!”

**Forteller:** Men han svara:

**Herren:** ”Sanneleg, eg seier dykk: Eg kjenner dykk ikkje.”

**Forteller:** Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
