---
tittel: "ignatiansk_vinkling"
type: dokument
filtype: word
original_fil: "ignatiansk_vinkling.doc"
kilde_url: https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/ignatiansk_vinkling.doc
lastet_opp: 2024-01-13
---

# ignatiansk_vinkling

Originalfil: [ignatiansk_vinkling.doc](https://www.ordetbe.no/wp-content/uploads/ignatiansk_vinkling.doc)

**Ignatiansk vinkling.**

Ignatiansk vegleiing, etter Ignatius av Loyola, den same som inspirerte Edin Løvås til hans Jesus-meditasjonar, er erfaringsbasert og prosessorientert. Gud møter oss i erfaringane våre og i det som elles skjer.

I arbeidet med og ikkje minst bøna over ein tekst handlar det om kva som skjer i oss og med oss gjennom dette. Korleis møter Gud meg her? Kva er det som særleg når meg, kanskje slår inn allereie under første gjennomlesinga? Då er det viktig å dvele ved det. For det er gjerne eit vink om kvar Gud no er oppteken av å nå deg for å føre deg vidare på sin veg, djupare inn hans vilje med deg, som for Ignatius var sjølve leiestjerna i livet. Sjølv formulerte han det slik: ”Mennesket er skapt for å prise, ære og tene Gud, vår Herre, og ved å gjere det berge si sjel.”

I omgangen med ein tekst kan derfor følgjande vere fruktbare spor å følgje:

**1.** Før lesinga, når du har falle til ro/ er heime i deg sjølv: Prøv å bli vâr kva du då møter hos deg sjølv av stemningar, tankar og ikkje minst lengsler.

**2.** Etter lesinga, der du har vandra langsamt med teksten og der han gjerne er blitt til bøn, stans på same måten opp for kva du då merkar hos deg sjølv.

**3.** Så blir det spennande å prøve å spore kva som er skjedd med deg under denne vandringa.

Eller for å samle det i 3 enkle spørsmål:

- Kvar var du før du fordjupa deg i teksten?

- Kvar er du no etter å ha levd deg inn i teksten – og kanskje levd ei stund med han?

- Kva er skjedd i mellomtida?
